KOMPETANSE
Næringskunden
Privatpersonar
Landbruk og grunneigar
Odels og åsetesrett
Konsesjon, buplikt og driveplikt
Skatt og merverdiavgift
Tingsrett
Selskapsrett for landbruket, grunneigarlag og veglag
Kontraktsrett for landbruket
Entrepriserett for landbruket
Tomteutvikling
Plan og bygningsspørsmål
Husdyrkonsesjon og produksjonstilskot
Om vår kompetanse
Sammen har vi advokatane særleg kompetanse med kontraktsrett, skatt- og avgift, familie- og arvespørsmål, strafferett, konkurs, forholdet til offentlege etatar og offentleg innkjøp og anbudsprosessar.
Ta gjerne kontakt med oss for ei uforpliktande samtale dersom du ynskjer å lufte ei problemstilling eller har behov for bistand.
Næringskunden
Privatpersoner
Landbruk og grunneigar
Odels og åsetesrett
Konsesjon, buplikt og driveplikt
Skatt og merverdiavgift
Tingsrett
Selskapsrett for landbruket, grunneigarlag og veglag
Kontraktsrett for landbruket
Entrepriserett for landbruket
Tomteutvikling
Plan og bygningsspørsmål
Husdyrkonsesjon og produksjonstilskot
Skatterett
Vi bistår ved skatteplanlegging og ved behov for bistand ved konflikt med skatteetaten der slik har oppstått. Skatteplanlegging skjer gjerne i samband med planlegging av selskapsstrukturer.
Meirverdiavgift
Meirverdiavgift er et komplisert område der det er lett å trå feil, særleg i samband med fast eiendom, virksomheitsoverdragelse og dels avgiftspliktg, dels ikkje-avgiftspliktig virksomheit.
Vi kan bistå med å finne og avklare avgiftsproblematikk i forkant, og der direkte konflikt med skatteetaten allereie har oppstått.
Selskapsrett
Vi rådgjev i valg av organisasjonsform, og rett valg av selskapsstruktur, både med tanke på minimering av risiko og med tanke på skattekonsekvensar.
Vi bistår også ved utarbeidelse av selskapsavtaler og vedtekter, noko som er viktig for forholdet mellom deltakarane. Skal det være begrensning i retten til å selge aksjar? Kan ein aksjonær tvangsutløyse ein annen, og eventuelt når? Kva skal til for å endre formål, og kva skjer om ein av eigarane beriker seg sjølv på selskapets bekostning?
I likheit med kontraktsrettsleg rådgjeving, handlar god selskapsrådgjeving i stor grad om å forutsjå potensielle framtidige konflikter og uklarheiter og løyse dei i forkant gjennom avtaleverket.
Kontraktsrett
Ei god kontrakt forutset eit godt forarbeid og ei klår og utfyllande avtaletekst. Vi bistår med utforming av kontrakter tilpassa partane og den aktuelle situasjonen, kontraktsrevisjon, og tvist/rettslege spørsmål i eksisterande kontraktsforhold. Godt kontraktsarbeid handlar i stor grad om å forutsjå framtidig usemje som kan oppståmellom partane og avklare denne.
Offentlige anskaffelser – anbud
Vi bistår i alle typer spørsmål knytt til offentleg innkjøp og anbudsregelverk. For leverandørar gjeld dette fyrst og fremst gjennomgang og kvalitetssikring av tilbud, råd knytt til kontrakt og endring av denne, spørsmål om begrunnelse og innsyn, samt klageprosessar til innkjøpar, Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) og domstolane.
For offentlege organ som må følgje anskaffelsesregelverket kan vi vi bistå blant anna i spørsmål om regelverket sitt anvendelsesområde, gjennomføring av konkurranser, utarbeiding av anbudsdokument og kontrakter, og innsynsspørsmål frå deltaker i konkurranse, håndtering av klager og KOFA-prosessar.
Vi held gjerne også kurs og seminar om dette.
Eiendom
Vi bistår med alle typer spørsmål knytt til fast eiendom, som kjøp, salg, servitutter og ulike typer heftelser, tvist om eiendomsrett og rettigheter i eiendom. Vi bistår også ved rettsendrande jordskifte som etablering, endring og innløsning av til dømes vegrettar.
Vi bistår ved kjøp og salg, enten dette er skriving av kontrakt og oppgjør med ein kjøpar som seljaren har funne sjølv (oppgjørsoppdrag), eller gjennomføring av meglaroppdrag med annonsering, visning, budrunder og inngåelse av kjøpekontrakt og oppgjer.
Plan og bygningsrett
Ta kontakt for meir informasjon.
Innfordring
Har du kunder som ikkje betaler? Vi bistår med innfordring/inkasso og eventuelt utleggsforretning.
Arv, testament og dødsbu
Bistand med testament, arveoppgjør, forskot på arv, og handtering av dødsbu
Ektefeller og samboere – deling
Vi lager avtaler mellom ektefeller og sambuarar om økonomiske forhold og deling ved samlivsbrot. Klåre avtaler kan gjera prosessen ved eit samlivsbrot mindre komplisert og gje eit meir rettferdig resultat for partane ved delinga.
Vi bistår også med å gjennomføre det økonomiske oppgjøret og delinga når ein har gått frå kvarandre. Dette kan anten vera hjelp til den eine parten, eller vi kan bistå som meglar/veileder for båe partar dersom ein er interessert i samarbeide om å få til ei minneleg løysing.
Delinga omfattar ofte også overskjøting av eiendom frå den som skal flytte ut til den som beheld felles bolig. Banken vil i dei fleste tilfelle kreve at det blir laga ei skifteavtale og avtale om oppgjøret. Vi kan lage avtale og bistå med det økonomiske oppgjøret i forbindelse med dette
Eiendom – kjøp og salg – rettigheiter
Vi bistår med alle typer spørsmål knytt til fast eiendom, som kjøp, salg, servitutter og ulike typer heftelser, tvist om eiendomsrett og rettigheter i eiendom.
Vi bistår med det formelle knytt til kjøp og salg av fast eiendom. Enten som eit oppgjørsoppdrag – der seljar har annonsert eiendommen og funne kjøpar sjølv, eller gjennomføring av meglaroppdrag. Bankane vil nesten unntaksvis ha formelle kjøpekontrakter og at oppgjøret skal gå gjennom meglar eller advokat, også når ein har funne kjøpar sjølv.
Vegrett, beiterett, jaktrett og andre rettar i fast eigedom, spørsmål om grenser, kven som er eigar av eit areal må ofte avklarast rettsleg, både når det gjeld spørsmål om kven som har, og kven som ikkje har ein rett.
Forholdet til storsamfunnet, det være seg det offentlege, næringsdrivande eller det alminnelege publikum,kan by på utfordringar for grunneigaren. Vi bidreg i spørsmål om ekspropriasjon, allmenn ferdsel etter friluftslova og klager frå naboar knytt til lukt, støy og lignande
Håndverkertenester – manglar og reklamasjon
Ta kontakt for meir informasjon.
Plan- og bygningsspørsmål
Ta kontakt for meir informasjon.
Forsvarer og bistandsadvokat
Vi har advokatar ved kontoret vårt som har lang erfaring med strafferettslege forhold og som kan bistå både ved forsvareroppdrag eller som bistandsadvokat dersom du treng bistand i samband med ei straffesak.
Gardsoverdragelse og generasjonsskifte
Vi har advokatar med lang erfaring i bistand med gardsoverdragelse og generasjonsskifte på landbrukseigedom.
Overføring av gardsbruk innanfor familien er ei sak der ikkje berre det reint rettslege spelar inn, men også dei mellommenneskelege forholda må takast omnsyn til, det være seg mellom ny og gamal eigar og mellom ny eiger og sysken. Vi er opptatt av å finne avtaler som partane kan leve godt med, og fjerne potensielle konflikter og avklare grenser i forkant.
Odels og åsetesrett
Vi rådgjev i samband med odelsspørsmål i forkant av avtaleinngåelse om landbrukseiendom, og i konflikter om odelsløying og etteroppgjer.
Konsesjon, buplikt og driveplikt
Vi bistår i spørsmål om konsesjon på landbrukseigedom, og vilkår om og brot på reglar om buplikt og driveplikt.
Framtidsfullmakt
Ei framtidsfullmakt inneber at ein utvald person blir gjeve fullmakt til å handtere dine private og økonomiske forhold dersom du sjølv skulle bli dement og utan stand til å ivareta deg sjølv. Dette er ei mykje brukt løysing for å sikre at dette blir handtert av nokon ein kjenner og har tillit til. Ei framtidsfullmakt må utformast i tråd med visse formelle krav for å vera gyldig, og vi bistår deg med dette
Konsesjon, buplikt og driveplikt
Vi bistår i spørsmål om konsesjon på landbrukseigedom, og vilkår om og brot på reglar om buplikt og driveplikt.
Skatt og merverdiavgift
Som i all anna næringsvirksomheit er skatt og meirverdiavgift av stor økonomisk betydning i landbruksvirksomheit.
Eit skattespørsmål av særskilt interesse for landbruket er dei som oppstår knytt til ekspropriasjon og grunnavståelse, der det er stort potensiale for å redusere skattlegging.
Selskapsrett for landbruket, grunneigarlag og veglag
Vi er opptatt av bruk av selskapsstrukturer også i landbruket for å begrense risiko og skattebelastning.
I og rundt landbruket er det også eit stort behov for å handtere spørsmål om grunneigerlag, samdrifter, maskinringer og andre organisasjonar som er spesielle for landbruket. Vi har særkompetanse på valg av organisasjonsform og utarbeiding av vedtekter for slike formål.
Vi har også kompetanse på oppløysing av slike organisasjonar, særlig når det gjeld samdrifter.
Kontraktsrett for landbruket
Gardsdrift er ein bransje som krav stor kapitalinnsats, og gardbrukaren er ein stor innkjøpar av maskiner, innandørsmekanisering og handverkerertenester frå profesjonelle aktørar. Etter vår erfaring er det viktig å ha eit aktivt forhold til avtala som skal inngåast for å forebyggje konflikt og at ein inngår avtaler som har ufordelaktige vilkår for den som kjøper tenestene.
Vi kan bistå med kontraktsgjennomgang i forkant av avtaleinngåelsen, og til reklamasjonsprosessen der det er mangelfull eller forsinka levering.
Entrepriserett for landbruket
Det mest kostnadskrevjande og risikofylte prosjektet ein gardbrukar gjennomfører er gjerne oppføring av ny driftsbygning. Forsinkelse og manglar i byggeprosessen kan medføre store tap for gardbrukaren, og ein kan som byggherre oppleve å kome i ansvar overfor ein tenesteytar grunna feil eller forsinkelse frå ein annen.
Vi kan rådgje i byggeprosessen ved avtalegjennomgang og avtaleinngåelsen, eller bistå dersom konflikt har oppstått.
Tomteutvikling
Grunneigaren sit på store ressursar for utvikling av bolig, fritidsbolig og næringseiendom. Vi kan rådgje både med avtaleutarbeiding opp mot entreprenør og tomteutviklere, og planlegging for å minimere risiko og få størst mogleg utbytte, anten det er tale om reine eiendomssalg eller utvikling i eigen regi.
Ved riktig handtering av meirverdiavgiftsspørsmål kan det sparast store summar i tomteutvikling. Advokatar her har særkompetanse på dette feltet.
Plan- og bygningsspørsmål
Utnytting av eigne ressursar i fast eiendom er avhengig av planregulering og byggetillatelser.
Vi kan bistå i slike spørsmål, anten det er spørsmål om å kunne byggje en kårbolig i tilknytning til tunet, ta den gamle låven i bruk i anna næringsvirksomheit eller regulere eit felt for tomteutvikling.
Husdyrkonsesjon og produksjonstilskot
Vi har fleire advokatar med erfaring i spørsmål om grensene for husdyrkonsesjon, spørsmål om erstatning og attendebetaling ved brot på husdyrkonsesjonsreglane og regelverket om produksjonstilskot. Dette er kompliserte og ofte langvarige prosessar med det offentlege, kor konsekvensane for den enkelte gardbrukar kan vera store, og juridisk rådgjeving vil difor ofte vera nødvendig for å handtere klageprosessen og eventuelle rettslege prosessar.