KOMPETANSE

Skatterett

Vi bistår ved skatteplanlegging og ved behov for bistand ved konflikt med skatteetaten der slik har oppstått. Skatteplanlegging skjer gjerne i samband med planlegging av selskapsstrukturer.

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift er et komplisert område der det er lett å trå feil, særleg i samband med fast eiendom, virksomheitsoverdragelse og dels avgiftspliktg, dels ikkje-avgiftspliktig virksomheit.

Vi kan bistå med å finne og avklare avgiftsproblematikk i forkant, og der direkte konflikt med skatteetaten allereie har oppstått.

Selskapsrett

Vi rådgjev i valg av organisasjonsform, og rett valg av selskapsstruktur, både med tanke på minimering av risiko og med tanke på skattekonsekvensar.

Vi bistår også ved utarbeidelse av selskapsavtaler og vedtekter, noko som er viktig for forholdet mellom deltakarane. Skal det være begrensning i retten til å selge aksjar? Kan ein aksjonær tvangsutløyse ein annen, og eventuelt når? Kva skal til for å endre formål, og kva skjer om ein av eigarane beriker seg sjølv på selskapets bekostning?

I likheit med kontraktsrettsleg rådgjeving, handlar god selskapsrådgjeving i stor grad om å forutsjå potensielle framtidige konflikter og uklarheiter og løyse dei i forkant gjennom avtaleverket.

Kontraktsrett

Vi rådgjev i samband med oppretting av enkle og meir komplekse avtaler og kontrakter. Etter vår erfaring vil eit grundig forarbeid, kor ein får fram risiko og potensielle konfliktområde og å sørgje for klare, eintydige avtaler, kunne forebyggje konflikt mellom partane seinare.

Offentlige anskaffelser – anbud

Vi bistår i alle typer spørsmål knytt til offentleg innkjøp og anbudsregelverk. For leverandørar gjeld dette fyrst og fremst gjennomgang og kvalitetssikring av tilbud, råd knytt til kontrakt og endring av denne, spørsmål om begrunnelse og innsyn, samt klageprosessar til innkjøpar, Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) og domstolane.
For offentlege organ som må følgje anskaffelsesregelverket kan vi vi bistå blant anna i spørsmål om regelverket sitt anvendelsesområde, gjennomføring av konkurranser, utarbeiding av anbudsdokument og kontrakter, og innsynsspørsmål frå deltaker i konkurranse, håndtering av klager og KOFA-prosessar.
Vi held gjerne også kurs og seminar om dette.

Spørsmål knytt til fast eiendom

Ta kontakt for meir informasjon.

Plan og bygningsrett

Ta kontakt for meir informasjon.

Innfordring

Ta kontakt for meir informasjon.

Arv og skifte

Vi kan bistå blant anna med spørsmål knytt til oppføring av testament, forskotsarv, gjensidige testament, og gjennomføring av privat skifte/handtering av dødsbu.

Familierett, samboere og ektefellers rettsforhold

Vi kan bistå ektefeller og sambuarar med å sette opp avtaler om samlivet og ektepakter. Som ved reine forretningsmessige forhold, er det også i familiære forhold greitt å ha klare avtaler dersom samlivet ikkje blir som ein ser for seg og det oppstår konflikt. Dette kan gjera prosessen mindre komplisert og gje eit meir rettferdig resultat for partane ved deling av det felles buet.

Vi bistår også med å gjennomføre det økonomiske oppgjeret ved samlivsbrot og å få i stand avtaler om ansvar for felles barn. Dette kan anten vera for den eine parten, eller vi kan bistå som meglar/veileder for båe partar dersom ein er interessert i samarbeide om å få til ei minneleg løysing.

Kjøp og salg av bolig

Kjøp og salg av bolig er gjerne det økonomisk mest betydningsfulle ein som privatperson gjer gjennom livet.
Vi bistår ved kjøp og salg av bustad, enten dette er oppgjør i samband med direkte salg til ein utvald kjøpar, eller gjennomføring av meglaroppdrag med annonsering, visning, budrunder og inngåelse av kjøpekontrakt og oppgjer.

Kjøp og salg av bil

Ta kontakt for meir informasjon.

Håndverkertenester – manglar og reklamasjon

Ta kontakt for meir informasjon.

Plan- og bygningsspørsmål

Ta kontakt for meir informasjon.

Forsvarer og bistandsadvokat

Vi har advokatar ved kontoret vårt som har lang erfaring med strafferettslege forhold og som kan bistå både ved forsvareroppdrag eller som bistandsadvokat dersom du treng bistand i samband med ei straffesak.

Gardsoverdragelse og generasjonsskifte

Vi har advokatar med lang erfaring i bistand med gardsoverdragelse og generasjonsskifte på landbrukseigedom.
Overføring av gardsbruk innanfor familien er ei sak der ikkje berre det reint rettslege spelar inn, men også dei mellommenneskelege forholda må takast omnsyn til, det være seg mellom ny og gamal eigar og mellom ny eiger og sysken. Vi er opptatt av å finne avtaler som partane kan leve godt med, og fjerne potensielle konflikter og avklare grenser i forkant.

Odels og åsetesrett

Vi rådgjev i samband med odelsspørsmål i forkant av avtaleinngåelse om landbrukseiendom, og i konflikter om odelsløying og etteroppgjer.
Konsesjon, buplikt og driveplikt

Vi bistår i spørsmål om konsesjon på landbrukseigedom, og vilkår om og brot på reglar om buplikt og driveplikt.

Konsesjon, buplikt og driveplikt

Vi bistår i spørsmål om konsesjon på landbrukseigedom, og vilkår om og brot på reglar om buplikt og driveplikt.

Skatt og merverdiavgift

Som i all anna næringsvirksomheit er skatt og meirverdiavgift av stor økonomisk betydning i landbruksvirksomheit.
Eit skattespørsmål av særskilt interesse for landbruket er dei som oppstår knytt til ekspropriasjon og grunnavståelse, der det er stort potensiale for å redusere skattlegging.

Tingsrett

Veigrett, beiterett, jaktretter og andre rettar i fast eiendom må ofte avklarast rettsleg, både når det gjeld spørsmål om kven som har, og kven som ikkje har ein retten. Likeså gjelder spørsmål om grenser, kven som er eigar av eit areal og lignande spørsmål.

Vi opplever at forholdet til storsamfunnet, det være seg det offentlege, næringsdrivande eller det alminnelige publikum, kan by på utfordringar for grunneigaren. Vi bidreg i spørsmål om ekspropriasjon, allmenn ferdsel etter friluftslova og klager frå naboar knytt til lukt, støy og lignande.

Selskapsrett for landbruket, grunneigarlag og veglag

Vi er opptatt av bruk av selskapsstrukturer også i landbruket for å begrense risiko og skattebelastning.
I og rundt landbruket er det også eit stort behov for å handtere spørsmål om grunneigerlag, samdrifter, maskinringer og andre organisasjonar som er spesielle for landbruket. Vi har særkompetanse på valg av organisasjonsform og utarbeiding av vedtekter for slike formål.
Vi har også kompetanse på oppløysing av slike organisasjonar, særlig når det gjeld samdrifter.

Kontraktsrett for landbruket

Gardsdrift er ein bransje som krav stor kapitalinnsats, og gardbrukaren er ein stor innkjøpar av maskiner, innandørsmekanisering og handverkerertenester frå profesjonelle aktørar. Etter vår erfaring er det viktig å ha eit aktivt forhold til avtala som skal inngåast for å forebyggje konflikt og at ein inngår avtaler som har ufordelaktige vilkår for den som kjøper tenestene.
Vi kan bistå med kontraktsgjennomgang i forkant av avtaleinngåelsen, og til reklamasjonsprosessen der det er mangelfull eller forsinka levering.

Entrepriserett for landbruket

Det mest kostnadskrevjande og risikofylte prosjektet ein gardbrukar gjennomfører er gjerne oppføring av ny driftsbygning. Forsinkelse og manglar i byggeprosessen kan medføre store tap for gardbrukaren, og ein kan som byggherre oppleve å kome i ansvar overfor ein tenesteytar grunna feil eller forsinkelse frå ein annen.
Vi kan rådgje i byggeprosessen ved avtalegjennomgang og avtaleinngåelsen, eller bistå dersom konflikt har oppstått.

Tomteutvikling

Grunneigaren sit på store ressursar for utvikling av bolig, fritidsbolig og næringseiendom. Vi kan rådgje både med avtaleutarbeiding opp mot entreprenør og tomteutviklere, og planlegging for å minimere risiko og få størst mogleg utbytte, anten det er tale om reine eiendomssalg eller utvikling i eigen regi.
Ved riktig handtering av meirverdiavgiftsspørsmål kan det sparast store summar i tomteutvikling. Advokatar her har særkompetanse på dette feltet.

Plan- og bygningsspørsmål

Utnytting av eigne ressursar i fast eiendom er avhengig av planregulering og byggetillatelser.
Vi kan bistå i slike spørsmål, anten det er spørsmål om å kunne byggje en kårbolig i tilknytning til tunet, ta den gamle låven i bruk i anna næringsvirksomheit eller regulere eit felt for tomteutvikling.

Husdyrkonsesjon og produksjonstilskot

Vi har fleire advokatar med erfaring i spørsmål om grensene for husdyrkonsesjon, spørsmål om erstatning og attendebetaling ved brot på husdyrkonsesjonsreglane og regelverket om produksjonstilskot. Dette er kompliserte og ofte langvarige prosessar med det offentlege, kor konsekvensane for den enkelte gardbrukar kan vera store, og juridisk rådgjeving vil difor ofte vera nødvendig for å handtere klageprosessen og eventuelle rettslege prosessar.