PRISAR OG VILKÅR

Timepris

Timeprisane varierer frå 2000,- til 2500, inkl. mva. Kva timepris som blir lagt til grunn avhenger av omfanget av oppdraget, vanskelegheitsgrad, betydning av saka og utfallet, samt kva spesialkompetanse som oppdraget krev. I dei fleste saker vil vi kunne kome med eit prisoverslag eller fastpris.

 

Standardiserte prisar enkeltoppdrag

For enkelte meir standardiserte oppdrag er følgjande prisar retningsgjevande:
– Testament ca kr. 5000 – 10000 inkl. mva
– Ektepakt kr. 5000 – 10000 inkl. mva.
– Sambuaravtale, eigaroversikt, gjensidig testament og forkjøpsrett kr. 5000 – 12 000 inkl. mva. Ved meir omfattande oppdrag kan vi gje prisoverslag eller fast pris.
– Framtidsfullmakt: 2500 – 4000 inkl. mva.

 

Sal av eigedom – meglaroppdrag

Det er mange som vel å annonsere eigedom og finne kjøpar sjølve, men må ha bistand til å få laga alle dokumenta og pengeoppgjeret. For slike oppdrag tek vi om lag 20 000 inkl. mva., evt. fakturering per time basert på medgått tid. Dette inkluderer utforming av kjøpekontrakt, konsesjonserklæring og skjøte, tinglysing av skjøte og eventuelle obligasjonar, og gjennomføring av det økonomiske oppgjeret.

Meglaroppdrag, der vi gjennomfører både klargjering til sal, visning, budrunde og oppgjøret, er det prisar etter avtale.

 

Fri rettshjelp

Etter rettshjelplova kan du for visse saker få advokatbistand dekt av Staten. Føresetnaden er at ein kjem inn under inntekts- og formuesgrensene som er fastsett i lova. Fylkesmannen kan i visse tilfelle gjera unntak for grensene. Nærare informasjon om fri rettshjelp kan du få hjå fylkesmannen eller hjå den enkelte advokat.

 

Rettshjelpsforsikring

Visse saker kan vera dekt av rettshjelpforsikring. Det framgår av forsikringspolisene dine. Du bør undersøke om dette er aktuelt, og i tilfelle må forsikringsselskapet varslast snarast råd. Varsel kan sendast på eige skjema. Du kan gjera det sjølv eller be advokaten å ordne det. Vanlegvis dekkjer forsikringsselskapa salærkrav opp til kr. 100.000,-, alt etter dei konkrete vilkåra, etter frådrag av ein eigenandel på kr. 2-10.000,- + 20 % av overskytande.

 

Personvernerklæring

Handsaming av personopplysningar hjå kontorfellesskapet Advokatane i Vågå

Denne personvernerklæringa gjeld for advokatane som tilhøyrer kontorfellesskapet Advokatane i Vågå. Dette omfattar enkeltpersonforetaka til Advokat Kåre Lund, Advokat Anders Gustav Bjørnsen, og Advokat Ingrid Lund.

Når du er i kontakt med oss, for eksempel som privatklient eller som kontaktperson hjå eit selskap, handsamar advokatane ved kontorfellesskapet personopplysningar om deg. Nedanfor finn du difor informasjon om kva personopplysningar som blir innsamla, kvifor vi gjer dette og rettane dine knytt til handsaminga av personopplysningane.

Ansvarleg for handsaming (i lova: behandlingsansvarlig) av personopplysningane er den enkelte advokat som utfører oppdraget.

Dersom du har spørsmål om korleis vi handsamar personopplysningar, kan du kontakte den enkelte advokat, sjå www.vagaadvokat.no

Kvifor samlar vi inn personopplysningar og kva slags informasjon samlar vi inn?

Vi samlar inn og bruker personopplysningane dine til ulike formål avhengig av kven du er og korleis vi kjem i kontakt med deg. Vi samlar inn følgjande personopplysningar til formåla oppgjeve her:

  1. Etablering av klientforhold og administrasjon av klientforholdet. I samband med dette handsamar vi kontaktinformasjon, dokumentasjon av identitet, betalingsopplysningar mv. Handsaminga skjer på grunnlag av GDPR artikkel 6 (1) bokstav b (handsaminga er naudsynt for å oppfylle ei avtale som den registrerte er part i) for privatklientar, og GDPR artikkel 6 (1) bokstav f (handsaminga er naudsynt for formål knytt til berettiga interesse) for kontaktpersonar for selskapsklientar og anna som blir handsama i tilknytning til selskapsklientar. I tillegg er vi pålagt rettslege plikter i samband med etablering av klientforhold som kvitvaskingslova § 4 (2) nr. 3, jf. §§ 17 og 18, og handsamar da etter GDPR artikkel 6 (1) c (handsaminga er naudsynt for å oppfylle ei rettsleg plikt).

     

  2. Sakshandsaming. I samband med dette handsamar vi personopplysningar som er naudsynte i relasjon til den aktuelle saka. Handsaminga skjer på grunnlag av GDPR artikkel 6 (1) bokstav b (handsaminga er naudsynt for å oppfylle ei avtale som den registrerte er part i) for privatklientar, og GDPR artikkel 6 (1) bokstav f (handsaminga er naudsynt for formål knytt til berettiga interesse) for kontaktpersonar for selskapsklientar og anna som blir handsama i tilknytning til selskapsklientar.

     

  3. Informasjon om motpartar og andre tredjepartar. Vi handsamar personopplysningar som er naudsynte i relasjon til den aktuelle saka. Handsaminga skjer på grunnlag av GDPR artikkel 6 (1) bokstav f (handsaminga er naudsynt for formål knytt til berettiga interesse). Vi har vurdert det slik at handsaminga er naudsynt for å løyse innkomne saker mest mogleg effektivt i samsvar med kommersielle omsyn og god advokatskikk. Ved handsaming av særlige kategoriar av opplysningar har handsaminga rettsleg grunnlag i GDPR artikkel 9 (2) bokstav f (fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav).

     

  4. Straffedommar og lovbrot. I samband med dette handsamar vi personopplysningar som er naudsynte i relasjon til den aktuelle saka. Handsaminga skjer på grunnlag av GDPR artikkel 9 (2) bokstav f (fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav), samt ei systembetraktning av straffeprosessloven og reglane for god advokatskikk punkt 2.3.

     

  5. Lagring/oppbevaring av saksdokument. I samband med dette behandlar vi personopplysningar som er naudsynte i relasjon til den aktuelle saka. Handsaminga skjer på grunnlag av rettslege plikter til arkivering av pågåande og avslutta saker.

     

  6. Fakturering. I samband med dette handsamar vi kontaktinformasjon og betalingsinformasjon. Handsaminga skjer på grunnlag av GDPR artikkel 6 (1) bokstav b (handsaminga er naudsynt for å oppfylle ei avtale som den registrerte er part i) for privatklientar, og GDPR artikkel 6 (1) bokstav f (handsaminga er naudsynt for formål knytt til berettiga interesse) for kontaktpersonar for selskapsklientar.

     

  7. Utsending av marknadsføring, nyheitsbrev og anna relevant informasjon om verksemda vår. I samband med dette handsamar vi namn og e-postadresse. Handsaminga skjer på grunnlag av samtykke frå den som mottek marknadsføringa etter markedsføringslova § 15, som regel privatklient eller kontaktperson hjå ein selskapsklient.

     

  8. Informasjon om potensielle klientar. I samband med dette handsamar vi kontaktinformasjon. Handsaminga skjer på grunnlag av GDPR artikkel 6 (1) bokstav f (handsaminga er naudsynt for formål knytt til berettiga interesse). Vi har vurdert det slik at handsaminga er naudsynt for å ivareta kommersielle omsyn ved verksemda vår.

     

  9. Kunnskapsforvaltning (t.d. bruk av tidlegare dokument i seinare saker). Personopplysningar som handsamast i denne samanhengen er opplysningar som er naudsynte i relasjon til den aktuelle saka. Handsaminga skjer på grunnlag av GDPR artikkel 6 (1) bokstav f (handsaminga er naudsynt for formål knytt til berettiga interesse). Vi har vurdert det slik at handsaminga er naudsynt for interne læringsprosessar og for å arbeide meir effektivt.

     

  10. Rekruttering. Dersom vi skulle ha rekrutteringsprosessar handsamar vi CV, søknad, attestar, vitnemål, referanser, interne vurderingar/intervjureferat, eventuelt personlegdomstestar og evnetestar. Handsaming av personopplysningar skjer på grunnlag av ei avtale med den som søkjer stilling hjå oss, dvs. GDPR artikkel 6 (1) bokstav b. Dersom vi beheld søknadsdokumentasjon etter ein rekrutteringsprosess er avslutta skjer dette på grunnlag av samtykke frå den som søkjer stillinga, jf. GDPR artikkel 6 (1) bokstav a.

     

    11.Tryggleik. I samband med dette handsamar vi logg på servarar, avdekking, oppklaring og oppfølging av hendingar knytt til tryggleik mv. Handsaminga skjer på grunnlag av GDPR artikkel 6 (1) bokstav f (handsaminga er naudsynt for formål knytt til berettiga interesse). Vi har vurdert det slik at denne handsaminga er naudsynt for å ivareta informasjonstryggleik og å hindre uautorisert utlevering av personopplysningar

    12.Bruk av informasjonskapslar til statistikk og nettsideutvikling.

Utlevering av personopplysningar til andre

Vi utleverer eller overfører ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det er lovleg grunnlag eller pålegg for slik utlevering. Eksempel på dette vil typisk vera rettsleg plikt som pålegg oss å gje ut informasjonen til motpartar, domstolar eller offentlege organ.

Vi brukar databehandlarar til å handsame personopplysningar på våre vegne. I slike tilfelle har vi inngått avtaler for å ivareta informasjonstryggleiken i alle ledd av handsaminga.

Lagringstid

Vi lagra personopplysningane dine hjå oss så lengje det er naudsynt for det formålet personopplysningane vart samla inn for.

Dette betyr for eksempel at personopplysningar som vi handsamar på grunnlag av samtykke frå deg  blir sletta dersom du trekkjer attende samtykket. Personopplysningar vi handsamar for å oppfylle ei avtale med deg blir sletta når avtala er oppfylt og alle plikter som følgjer av avtala er oppfylt. Personopplysningar som vi handsamar for å oppfylle ei rettsleg plikt frå myndigheitene blir sletta når  lovgrunnlaget bestemmer det. Dette gjeld for eksempel bokførings- og regnskapsregler.

I tabellen under er ei oversikt over kor lengje vi handsamar personopplysningar for ulike formål:

Formål

Lagringstid

Klientadministrasjon

Opptil 10 år etter avslutning av siste sak

Lagring/oppbevaring av saksdokument

Opptil 10 år etter avslutning av siste sak

Faktureringsinformasjon

Opptil 5 år etter utløpet av det rekneskapsåret fakturering vart foreteke

Informasjon om potensielle klientar

Opptil 5 månader

Kunnskapsforvaltning (f.eks. gjenbruk av dokumenter i seinare saker).

Opptil 10 år

Rekruttering

Opptil 3 månader etter utløpt søknadsfrist. Ved samtykke frå søkaren lagrar vi CV, søknad, attestar og vitnemål i opptil 2 år for bruk i nye, relevante stillingsutlysningar.

Tryggleikslogg

Opptil 1 år

Tryggleikskopi (backup)

Opptil 3 år

 

Rettane dine når vi handsamar personopplysningar om deg

Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi handsamar om deg. Du har vidare rett til å krevje begrensa handsaming og på visse vilkår rette motføresegner mot handsaminga. Du kan lese mer om desse rettane på nettsidene til Datatilsynet: www.datatilsynet.no.

For å gjere bruk av desse rettane må du ta kontakt med oss på e-post eller telefon. Vi vil svare deg så raskt som mogleg og seinast innan 30 dagar. Vi vil be deg om å stadfeste identiteten din eller å oppgje meir informasjon. Dette gjer vi for å vera sikre på at vi berre gjev deg tilgang til personopplysningane dine, og ikkje nokon som gje seg ut for å vera deg.

Du kan til alle tider trekkje attende samtykket ditt for handsaming av personopplysningar hjå oss.

Klager

Dersom du meiner at handsaminga vår av personopplysningar ikkje stemmer med det vi har omtala her eller at vi på andre måtar bryt personvernlovgjevinga, så kan du klage til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis å kontakte Datatilsynet på nettsidene til Datatilsynet: www.datatilsynet.no.

Endringar

Dersom det skulle skje endring av tenestene våre eller endringar i regelverket om handsaming av personopplysningar, kan det medføre endring i informasjonen du er gjeve her. Dersom vi har kontaktopplysningane dine vil vi gjere deg merksam på desse endringane. I tillegg vil oppdatert informasjon alltid finnast tilgjengeleg på nettsida vår.


Webside av OffCenit || Portrettfotografi av Marit Sletten